Søvik skule får elevar frå bygdelaga Søvik, Gamlem, Terøya, Bjørnøya, Hamnsund og Store-Kalvøy. Elevtalet i 2008-09 er 101 elevar.

Søvik skule har 7 årstrinn, elevtalet varierer frå 9 elevar til 19 elevar på dei ulike trinna. Eit av satsingsområda er klassemiljø og klasseleiing. Vi satsar også mykje på å få til ei god fadderordning, der aktivitetar på tvers av årstrinna er vektlagt. Skulen satsar også på å utvikle gode arbeidsmåtar og har m.a. teke i bruk Storyline-metoden. Elles vil tema- og prosjektarbeid prege arbeidet i klasserommet.

Våren 2006 vart spørsmålet om ny skule teke opp, og det er no i gang planleggingsarbeid med ny skulebygning. Planen er at den skal stå ferdig til skulestart 2010.

 

Tombola på Søvik skule

Det har blitt tradisjon på Søvik skule å ha tombola for elevar og foreldre den siste fredagen før vinterferien. Elevar og lærarar står for arrangementet, og det har med åra blitt eit populært tiltak for unge og eldre.
Les meir