|
Tennfjord skule
Tennfjord skule ligg omgitt av vakker natur med
mange og gode moglegheiter for ekskursjonar og aktiv fritid.
Skulen vart rehabilitert i 2002 og har no plass til 150 elevar. Skulen er fulldelt
med ca. 130 elevar. SFO har plass til 30 born. Tennfjord skule/SFO
har for tida 14 tilsette i heil og delstillingar.
Hausten 2007 ser det ut til at Tennfjord skule er den skulen i
Haram med mest vekst.
I skulen sitt
nærområde har elevane lett tilgjenge og høve til å studere livet
i saltvatn, ferskvatn, brakkvatn, kulturbeite, skog og
fjellfauna. Ved sida av den viktige oppgåva som verdi-,
kunnskaps- og kulturformidlar er skulen også ein naturleg
samlingsstad for ei bygd i sterk vekst. |