Kunstkafe på Flem skule
Onsdag den 25.mars var det kunstkafe på Flem skule. Foreldre , sysken og besteforeldre var invitert til ein titt, ein matbit og ein koseleg prat.

Produkta som var utstilt har vorte laga gjennom heile SFO-året. Elevane har jobba med ulike teknikkar som glas-mosaikk, decoupage på glasflasker, scrapbooking, måling på lerett og artige krukkefigurarar.

Produkta vart selt for ein symbolsk sum. Elevane har vore både flinke og kreative. Dei hadde også ansvar for sal av kaffi, kaker, vaflar og pølser. Nokre av dei meinte det var reine matte-timen, for kva skullle dei gi att når dei fekk ein 200-lapp som betaling?

Kjekt er det i alle fall med elevar som får ta ansvar i å arrangere og gjennomføre slike tilstelingar. Honnør også til dei SFO tilsette som har vore drivkrafta bak.

 

Takk for ei triveleg stund!