VINTERFERIE PÅ SFO!
Også i år var der ein fin liten gjeng på SFO dei fire første dagane i vinterferien. Antalet varierte frå seks til elleve elevar dei ulike dagane. Det er kjekt at tilbodet blir nytta!

Denne eksklusive gjengen fekk halde på med mykje spennande, og det vart laga nokre ekstra godbitar til måltida.


Nokre av aktivitetane har vore: Bygging av radiostyrt bil, aktivitetar i gymsal og ute, baking, scrapping, pedding, m.m.

Ekstra kjekt var det at borda på SFO har vorte slipt og lakka av flinke 1.klasseforeldre. Legg merke til kor fine dei blei!
Tusen takk for dugnadsinnsatsen!

Det vart mange fine heimelaga esker i "scrapping" teknikk.


Bygging av radiostyrt bil. Dette var spennande!
    
Fletting av korger                                         "Kappkøyring" med radiostyrte bilar                                                                                "Spa-avdeling"- godt å slappe av!