"Skule-tur" i juni - "Ingen skam å snu!"

Tradisjonen tru hadde vi ein felles fjelltur på fjelltoppen "Skulen" på programmet også i vår.
I år var vi derimot maks uheldig med veret:
Det var fint ver både dagen før og dagen etter, men akkurat denne dagen blas det opp og regna sidelengs.

Så etter å ha nådd Flemsdalen, beslutta vi å gjere om på planane:

I ly for ver og vind la turen til skogen ved Halsane, der ungane leikte seg med hyttebygging og "Boksa går".
Heimatt gjekk vi Knut-vegen og bilvegen heimatt.

Vel nede på skulen såg vi alle saman animasjonsfilmen som 2.-4.klasse laga i haust.
Alle var enige om at det var ein kjekk dag - på trass av at vi ikkje nådde til topps denne gongen.

Etterpå fekk vi høyre at "Tigerguttane" på barnehagen faktisk hadde vore til topps same dagen,
så det er litt av nokre "hardhausar" vi har i vente til hausten! :-)