Arkeologistudier ved Flem skule                                                      Teks: Solveig D. Ulla
Elevane var veldig interesserte i det dei fortalde om, og hadde mange spørsmål. Kva hadde dei funne her ute? Hadde dei funne skjelett? Kva gjer dei med det dei finn?

Holmen og Viken kunne fortelle at alle funn vart registrert for å sjå om det gav grunnlag for utgravingar. Så vart funna leverte inn til Bergen kulturhistoriske museum.
Dei har vore her sidan midten av juli, og jobba på Harøya, Fjørtofta, Longva, Haramsøya, Lepsøya, Hestøya og Skjelten. Dei har ikkje funne noko som gir grunnlag for utgravingar no, men det har vore fleire utgravingar her ute før.

Vi fekk sjå ein pilspiss av skifer. Vi fekk tydeleg sjå at den var skiferen var slipt til ein lang spiss. Ein skrapestein av flint og ein bit av ei keramikkrukke fekk vi og sjå. Alt det hadde dei funne på markane rundt skulen vår.
På Håneset på Haramsøya hadde dei funne ein stor steinalderbuplass, kunne dei fortelje.

Jonas synest det var ekstra kjekt då dei teikna på tavla for å vise korleis dei jobba. Då teikna dei litt av det dei kunne finne.
-Vi har lært mykje nytt om gamledagar. Om kva dei brukte å gjere på og ting dei hadde, seier Kristine.
-Eg trur det er spennande å vere arkeolog, seier Håkon. Det må vere gøy å finne ting. Av og til skjelett og, sjølv om dei som var her ikkje hadde funne det no då.
-Ja, og dei kan finne ut mykje rart og tenke at dei drar ut på eventyr, seier Jonas.

Arkeologane er her ute for at vi skal få ein ny veg, kan Kristine fortelje. Den heiter Nordøyvegen. Då slepp vi å ta ferje for å reise andre stadar. Då får vi køyre under vatn! Alle tre er einige om at det blir kjempekjekt!
Og så kan dei gi det dei finn til museumet, og reise rundt å fortelje historier om det, seier Håkon. Det var kjekt då dei kom hit!

 
       

              
Dramagruppa viste eit skodespel der vi mellom anna fekk sjå korleis dei gjorde reint eit dyreskinn.
 


 

 

Elevane følgjer interesserte med når Synnøve Viken viser fram nokre av funna dei har gjort på Longva.