"Det flytande klasserommet Havung".              Torsdag 15.10.09.

5. og 6. klasse var heldige og fekk oppleve eit annleis "klasserom" denne skuledagen. Prosjektet "Det flytande klasserommet Havung" er eit resultat av eit samarbeid mellom Sula kommune, Atlanterhavsparken, Fons og Ålesund maritime høgskule. Målet er å gje elevane kunnskap og positive opplevingar rundt fiskerinæringa gjennom varierte aktivitetar.

Vi møtte opp på storbåthamna på Austnes, og fekk vere med fiskebåten "Havung" med eit mannskap på to på fisketur. Det var kjempekjekt å få drage opp garn utanfor Røholmen fyr! Vi fekk mange fiskesortar, krabber og andre skapningar frå sjøen. Til og med ei stakkars alke hadde vasa seg inn i garnet. Læremeisteren vår var veldig dyktig, og han kunne fortelje oss mykje spennande og gje oss ny kunnskap. Elevane viste at dei kunne ein god del ved å svare flittig på mange av spørsmåla som vart stilte. Vi fekk m.a. lære namn på fiskar, korleis fisken ser ut både utanpå og inni, m.m. Då ein dyktig skipper la til kai på Austnes igjen, kunne vi kose oss med sjølvlaga fiskesuppe. Ikkje nok med det: Vi fekk med oss heim så og seie heile fangsten, så no kan det lagast fiskekaker og anna godt på skulekjøkkenet i lang tid framover. Kokte krabbeklør er heller ikkje å forakte! Vi smakte på krabber medan vi lytta til valsen "Røholmen lykt" før vi tok helg. Takk til mannskapet på "Havung" for ei fin stund! Bileta talar for seg sjølve:)