Tur til Sjøbuda på Longva/Gunnabuda den 5.11.

3. og 4. årstrinn fekk kome til Sjøbuda og høyre litt om kva arbeid som vart utført der for nokre år sidan. Vi fekk vite at den eldste delen av sjøbuda hadde stått på Valderøy før den vart frakta til Longva og sett oppatt i 1939. Det vart drive med klippfiskproduksjon først, seinare hemetiserte dei m.a. krabbe, hummar, reker og torskerogn.
Her får vi m.a.eit innblikk i korleis dei sat og renska krabbe og hummar. I bakgrunnen ser vi kva type hermetikk som vart sendt til fjern og nær.
Varene vart merka og sendt ut i verda.
Dei som jobba på sjøbuda budde der òg. Her er kjøkkenet der dei kokte maten sin.
Dette er eit av soveromma. Fleire måte dele rom.
Her ser vi gammalt utstyr; ein lampe, ei morselykt, eit lodd til å sjekke sandgrunn med og eit anker av stein og tre.

 

 

Etter omvisninga fekk vi varm kakao og kosa oss med maten vår.
Sjøbuda var i drift fram til ca. 1960. Då vart ho liggande ubrukt fram til ca.1990.  Den vart restaurert og i dag er det Mette Krogsæter og Uwe Kleinhans som driv den. Dei leiger ut lokale til møter og konferansar, hytter og hus. Dei har ein del lokale arrangement og i tillegg er turisme òg eit satsingsområde.

 

Det var kjekt og lærerikt å få ei omvisning. Dette var den siste ekskursjonen vår under prosjektet "Fiskarbondens arv".