Tur i fjøra utom Gamleskulen, 13.09.07.

I dag gjekk turen ned i fjøra utom Gamleskulen på Flem. Tenk at det var opplett og fint vér! Her har jentene funne fine skjel. Vi fann mange sortar t.d. blåskjel, strandsneglar, albogeskjel, knivskjel, hjarteskjel og sandskjel.
Vi leitte etter krabber og anna levande.
Det er godt med mat når ein er ute!

 

Etter maten skulle alle vise noko av det dei hadde funne til dei andre.
Vi avslutta med ein liten konkurranse, der det var om å gjere å kaste steinen langt utover sjøen. Det var kjekt!