TURLØYPE  09.09.08.

Som ein del av temaet vårt, "God helse", hadde vi lagt inn turløyper, ei for småskuletrinnet og ei for mellomtrinnet. Her står elevane frå 4. til 7. årstrinn klar til start! Løypa inneheldt spørsmål frå arbeidsheftet (Petter Puls) om kroppen vår, og skulle vere som ei oppsummering på det vi hadde lært. Vi gjorde òg ein del praktiske oppgåver.
Løypa starta ved skulen. Her kasta vi frisbee og målte kor langt kvar enkelt kasta.
Vi prøvde hoppetau og målte pulsen før og etter.
Vi veit at vi pustar inn oksygen og ut karbondioksyd. Hjartet og lungene gjer det slik at blod med oksygen vert pumpa rundt i kroppen vår. Hjartet er ein muskel og er sjølve blodpumpa.
Så forflytta vi oss opp i skogen. Der leita vi òg etter plantar og blad. Vi såg at haustfargane hadde dukka opp fleire stadar.
Løypa nærma seg slutten. Nokre spørsmål om kosthald venta der. Alle visste at det er 25 sukkerbitar i ein 1/2 l brus. Noko å tenkje på!
" Dette var ei lett løype, lette spørsmål!", var det nokon som sa. Kan dette tyde på at vi sit att med ein del faktakunnskap om kropp og helse?!