TUR TIL ULLA FYR - 25.10.07.
| Flem skule er midt inne i proskektet sitt "Fiskarbondens arv". I det høve var 3. og 4. årstrinn denne gongen på tur til Ulla fyr. Vi har i forkant funne ut ein del om korleis det var å drive sjøen før då båtane var opne, og vi har sett litt på korleis båtane såg ut då dei vart motordrivne rundt år 1900. Vi har òg vore innom korleis arbeidsfordelinga var på garden, og korleis det var å vere kona til fiskarbonden når bonden var på sjøen. | ![]() |
| Det kan vere ei utfordring å vere på sjøen når det er uvér. Det var det i "gamle dagar" òg. Vi har lese om nokre av ulykkene som har vore i lokalområdet vårt. | ![]() |
| Geitene på fyret ønskte oss velkomne og dilta etter oss heile tida. Det var det ingen som hadde noko imot :-) | ![]() |
| Ulla fyr på Kvernholmen var til god hjelp for fiskarane då det kom i 1873-74. Vi var så heldige å ha med oss Robert Pareliussen, tidlegare fyrvaktar, til å fortelje oss om fyret og korleis dei passa på fyra før. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Her er vi inne i fyrbustaden. Robert viste oss bilete av nokre båttypar og fortalte om dei. Åttringen var mykje brukt på våre kantar.
|
![]() |
| Det var ein kjekk og interessant tur. Vi åt maten vår i Råvika, og fann skjell som vi skal bruke til etterarbeidet vårt. |
![]() |