TUR TIL ODDVIN LONGVA SITT MUSEUM, 1.11.2007.

Prosjektet vårt, "Fiskarbondens arv", held fram. Denne gongen tok 3. og 4. årstrinn turen til Oddvin Longva og fekk sjå på den flotte samlinga hans av fiskeriutstyr og andre ting frå hus og gard opp gjennom tidene. I forkant hadde vi sett filmen "Skårungen" som viste korleis det var å drive fiske ombord i trålaren Henko tidleg på 1960-talet. I det tidspunkt filmen var laga, var det onkelen til Oddvin, Harald Longva, som var eigar og skipper på denne båten. Ein del av filmen var filma på øya vår. Det var  spennande å sjå korleis det såg ut her då. Oddvin var sjølv med i "Skårungen", og vart i ettertid medeigar av båten Henko. Han har òg vore eigar av båtar ved namn Børvåg og Longvabakk.

Her viser han oss korleis ein bøter garn.

 

Dette er ei samling næler til å bøte garn med.
På veggen heng både sildegarn og torskegarn. Under står ein sildegarnrull. 
"Fløyt" eller dubbel heng på veggen. Det vart brukt før det vart vanleg med blåse. Til høgre ser vi nokre bøyer.
Her ligg krokar og liner til m.a.kveite og brosme.
Ikkje berre ein, men to hespetre var å finne. Her ligg ei hespe klar til å bli nøste.
Vi får prøve ein vindmålar her. Eit par fekk til vindstyrken flau vind, dei fleste klarte å blåse vindstyrken frisk bris og nokre liten kuling. (Nokre bles, andre hjelper til:-))  Det var om å gjere å finne rette teknikken!
I "gamle dagar" var det ullvottar og sokkar/raggar som vart brukt. Dei heldt godt på varmen sjølv om dei vart våte.
Dette er eit gamalt ekkolodd som vart brukt ombord i Henko.

 

Denne gamle boremaskina tilhøyrde stor-smeden Karl Rogne på Longva.
Vi fekk sjå landbruksutstyr òg.

Sauesakser, svijern/merketang og hestekarde.

På veggen heng torvspader og ei torvgreip. Oddvin fortalte at det var heilt vanleg at ungane var med på dette arbeidet frå dei var små. Sjølv var han berre 9 år då han frakta torv heim til garden.
 Oddvin har teke vare på mange ting som no er historie. Det var veldig interessant å få gå rundt å sjå på dei, og ikkje minst interessant å få fortalt litt om korleis det var før! Til slutt fekk ungane lære korleis ein lagar knuten "halvstikk". Ikkje heilt enkelt, men nokre fekk det til etter litt trening. Trening gjer meister!