VEKE 13

Denne veka var vi godt i gong med filmprosjektet vårt. Her held ei gruppe på med filmredigering, medan ei anna gruppe jobbar med LIKT, dataopplæring.
Den siste gruppa filmar her. Litt instruksjon må til. 
Vi har hatt om verdsdelar og land i samfunnsfag. Mohsen Hellouli kjem frå Tunis, men har budd  mange år i Noreg. Han kom til oss og fortalte om heimlandet. Vi fekk sjå flotte bilete og film.  Her skriv han namna til elevane på arabisk.
Elevane følgjer konsentrert med på det Mohsen fortalte. På førehand hadde dei laga ei lang spørsmålsliste til han, og dei fekk svar.
Mohsen hadde laga  fiskesupe. Vi avslutta ei kjekk stund med eit nydeleg måltid. Takk til Mohsen for ei innhaldsrik stund.