Bilete frå ryddedugnaden 6.mai

Her kjem eit knippe bilete frå dugnaden. Vi fekk rydda vekk mykje rusk, greiner og steinar frå skog og skuleplass. Balansedekka vart endeleg ferdigstilt. Når så mange er samla til innsats er det lett å sjå resultat også!

I tillegg fekk ballbingen ei "ansiktsløfting". No går vi våren og sommaren friskt i møte!

Vi satsar på å få beisa ferdig ballbingen i løpet av mai månad. Dersom veret er bra, hadde det vore kjekt å bli ferdig før 17.mai. Målarutstyr står på skulen, så dei som vil gjere ein innsats kan ta kontakt ved høve, eller de kan vente på telefon frå May-Britt, som har tatt på seg å samle ein liten gjeng for å bli ferdig.

Vil nytte høvet til å takke alle som stiller med arbeidsinnsats!