Det var det året det var så bratt......

Her er vi ferdig med den brattaste kneika på veg opp mot Flemsdemma. Mange har pakka med skeisser i håp om at isen skal ligge på demma .
Med 4 plussgrader i lavlandet var vi spent.

Dei aller mest optimistiske tok med landhockey- utstyr.

Her fann vi ei bratt isbane som måtte testast ut.
Våghalsane kom trygt ned igjen.
Skal tru om buksebaken var heil etter dette stuntet?
Sjølv om vi tok dei snarvegane vi visste om, tok turen opp ca.ein time.
Men gjett om det var verdt strevet då vi kom opp! Minst 15 cm tjukk skeisse-is - blank som ein spegel. Få hadde tid til å ta matpause her.
Mange hadde med skeisser, og jammen fekk vi ikkje bruk for land..... eh, ishockey-utstyret også.
Ståle og Kamilla i intenst jag etter" pucken."
Glatt var det, men ein skulle tru desse hadde gått langt oftare på skeisser.
Mange hadde nok svært gjerne vore igjen på demma til det vart mørkt og vel så det, men skuledagen tok altfor fort slutt denne gongen.