![]() |
Tidleg ein morgon, rett før vi skulle dra på bading, dukka det opp
ein sjeldsynt gjest i 5.klasse. Ikkje bak glaset, men inne i det, ser du gjesten vår. Lurer du på kva slags gjest det er? |
| Gjesten vår måtte vente åleine på klasserommet medan vi
for på bading. Som du kanskje ser av biletet , er gjesten vår ein nydeleg frosk. I vatnet som den kom i, var det mange froske-egg. |
![]() |
![]() |
Då vi kom att frå badinga, sette vi i gong og fann eit akvarium på sløyden. Det såg ut til å vere ganske tett, så vi gjorde det reint og fyllte det med vatn. |
| Her har frosken fått meir plass å boltre seg på. Han fekk steinar og plantar, og til og med ein paddeflåte laga i all hast på sløyden. |
![]() |
![]() |
Mange har studert og beundra frosken i det døgnet den har vitja
oss.Nokre av jentene har kanskje gitt den ein smask for å sjå om det
vart ein prins? No har den helgapermisjon, og er ilag med dei andre froskane i dammen. |