Utedag for mellomtrinnet 22.januar

Pustepause på trappa i Nygjerdet.
Her traff vi ein svart,langhåra pus som
vi måtte helse på.

Her har vi nådd målet for turen vår -
fjøra nedom Nygjerdet. Det er tidleg på formiddag, men det tegnar til å bli ein strålande dag. Her er dei fleste samla framfor sjøbuda der Flemsøy Forbruksforening ein gong heldt til.
 
Det var ikkje problem å få fyr på bålet med så mange hjelpande hender.
. Vi fann oss plassar å sete for å ete formiddagsmaten, medan vi venta på at bålet skulle brenne ned.
For vi hadde nemleg ein plan....
   
Trudde du at ein var avhengig av kokeplate,
elektrisk straum eller popcorn-maskin for å lage pop-corn? Neida, det kan du lage over bålet når du er på tur.
Litt svidd vart det nok, men, men....
Det går an. Men du treng to dørslag av stål, noko ståltråd, ein lang pinne til å feste dørslaga i - slik at du slepp å sete for nært bålet.