FJØSBESØK  PÅ  HARAM

Den 30.mai var 2. årstrinn så heldige å få ta turen til Haram og besøke garden til Ola Einar Flem.Vi har tidlegare i år jobba med tema om gamle dagar og lært ein del om gardsdrift før i tida. Denne dagen skulle vi få lære litt om moderne gardsdrift.
Då vi kom til Haram var bonden i gang med morgonstellet i fjøset, og no fekk han hjelp av ni ivrige elevar. Først skulle kyrne mjelkast og dei som ville, fekk prøve å vaske jura og gjere dei klar til mjelking.
Så skulle kalvane få drikke av den varme, gode mjelka.
Tilslutt skulle kyrne og dei store oksane fórast. Fórvogna vart fylt opp med silo og det var veldig gøy å få prøve å køyre den.

Det vart også tid til å hoppe litt i høyet.

Medan vi enno var i fjøset kom tankbilen for å hente mjelka. Mjelka hadde no vorte avkjølt på mjelketanken og var klar for levering. No var det spennande å sjå kor mange liter det var på tanken. Det kunne lesast av på ein målar på tankbilen
Etter fjøsstellet fekk vi sjå noko av utstyret på garden og fekk høyre kva det vart brukt til. Klauvskjerarboksen blir, som namnet skulle tilsei, brukt når klauvene på kyrne skal skjerast. Då blir kua heist opp slik at ho blir nødd til å stå i ro.

I dag vart klauvskjerarboksen brukt som klatrestativ og turnapparat.

Alle fekk seg ei runde på traktor og det var stor stas.

Etter mange spennande opplevingar var det godt å få sette seg ned og smake på kalde, gode meieriprodukt som yoghurt og sjokomelk.

Til slut var det ein liten repetisjon frå i vinter på kva den gamle bygninga på biletet heiter, og så -:

          TAKK FOR OSS !