Besøk på garden til Per Longvanes.

Dei siste vekene har vi jobba med tema   -GAMLE DAGAR. Vi har tatt for oss den gamle garden og har mellom anna lært namnet på dei ulike bygningane som høyrde til på garden og kva dei vart brukt til. I den forbindelse var vi så heldige å få ta turen til Neset og sjå på bygningane og høyre om korleis dei dreiv gard før i tida.                                                                       
Her ser vi den gamle Nes-løa frå 1800- talet
Her var vi inne i sjølve fjøsen og fikk sjå dei gamle ku-båsane, kvige-båsane og kalvestekken.
Per viste oss korleis det gamle mjølkeanlegget virka og vi fikk sjå utstyret som vart brukt til mjølking og spannene som dei sende mjølka til meieriet med.
Til slutt tok vi turen ned til fjøra og såg på naustet. Her såg vi både fiskegarn og teiner.
Det var kjekt å balansere på vøren.