SKIDAG PÅ FLEM SKULE 3. MARS
| Veka etter vinterferien kom endeleg vinteren til øya vår,
og vi fekk høve til å arrangere skidag.
Etter å gått 2 km på ski, kom vi til dei fine bakkane uti Børstova. Då var det godt å finne fram matpakke og kakao. |
![]() |
![]() |
For somme var det å gå på ski ei heilt ny oppleving, men kjekt var det. |
| Her er ikkje skitrekk, så her må vi bruke muskelkraft for å kome oss opp, og opp vil vi for det er så gøy å renne ned bakkane. | ![]() |
![]() |
Godt at ikkje motbakkane er så bratte. |
| Berre eit steinkast frå skibakken fann nokre seg ein tørr og fin plass for å raste på. | ![]() |
![]() |
Her har vi prøvd oss på "fiskebein" i motbakken. |