Velkommen til 1. klasse!
![]() |
Her er årets 1. klasse. Spennande å få
starte på skulen. Både store og små hadde nok litt sommarfuglar i magen, men det gjekk kjempebra. Førte timen fekk dei flotte nye skulesekkane litt innhald. Det var stor stas å få seg skulebøker m.m. Kjekt å ha med seg ein vaksen til å hjelpe seg litt og. Andre timen las vi om Teskeikjerringa i blåbærskogen og elevane fekk teikne. Mykje flott utstyr i nye penalhus vart leitt fram og elevane laga fine bilete. Det var også spennande å få prøve leikene på skulen. Siste økta kom faddrane frå 5. klasse og då var det tid for å vere ilag ute. Dagen gjekk kjempefort. Bra vi har fleire skuledagar å gle oss til! |
![]() |
![]() |