Førjulstida på Flem skule   

Førjulstida er ei hektisk, men fin tid på Flem skule. Både på SFO og i skuletida er det mykje som står på programmet av førjulsaktivitetar.

Her er elevar på SFO i gang med å pynte pepperkaker og lage pepperkakehus. Ein årelang tradisjon. Siste skuledagen er det knusing - og då er det endeleg tid for å få smake på det fristande, godt pynta,  pepperkakehuset.

Det er også mange andre formingsaktivitetar på SFO.

Tidleg i desember er det også Foreldrekaffi på SFO. Her var det godt oppmøte og alle fekk smake på julebaksten elevane hadde laga til denne samlinga.
Juleverkstaden kjem like årvisst som desember månad. Elevane vel seg to ting dei får lage. Det som blir laga blir stilt ut på juletrefesten for så å få vere med elevane heim. Koselege dagar for store og små når det er juleverkstad. Under kan vi sjå nokre bilete frå årets verkstad. Også i år stilde mange foreldre, besteforeldre og andre opp som gode hjelparar.
Alle klassene har sine eigne julekalendarar og her er mangfaldet stort....
På sløyden i haust har vi laga juletre. Det har vore eit lærerikt prosjekt, og resultata vart kjempefine! Mange timars innsats ligg bak her, og elevane har all grunn til å vere stolte over resultatet.
Siste dagane før jul er det juletrefest. Ei triveleg adventstund der elevane underheld med program. Her er det foreldra som stiller med julekaker, og det er litt av eit julekakebord ein kan forsyne seg av. Nissen dukkar også opp og deler ut nissegåver. Festen blir avslutta med gang rundt juletreet i beste juletrefesttradisjon.

Juletre - 2011.  Julekrybba er fast tradisjon på juletrefesten. Her er 7. klasse ferdige med å pynte juletreet.
Elevane i 1. og 2. klasse har fast tradisjon med å vere utkledde som dei kjende figurane frå julekrybba. Dei syng adventsversa og tender lys i starten på juletrefesten. 3.- 7. klasse brukar å vise eit julespel. I år hadde dei eit syngespel om juleevangeliet. Spennande å få kle seg ut og ein del sommarfuglar i magen flaksa nok rundt, men det gjekk kjempefint! Under ser vi bilete frå julespelet.
Førjulstida blir avslutta med skulegudsteneste. Når denne er ferdig er det tid for ein god og velfortent juleferie.

God jul!