| "Det flytande klasserommet Havung".
Fredag 16/9-11 6. klasse var heldige og fekk oppleve eit
annleis "klasserom" denne skuledagen. Prosjektet "Det flytande
klasserommet Havung" er eit resultat av eit samarbeid mellom
Sula kommune, Atlanterhavsparken, Fons og Ålesund maritime
høgskule. Målet er å gje elevane kunnskap og positive
opplevingar rundt fiskerinæringa gjennom varierte aktivitetar.
Vi møtte opp på kaia til NL Austnes, og fekk vere med
fiskebåten "Havung" med eit mannskap på tre på fisketur. Det var
kjempekjekt å få drage opp garn. Vi fekk mange fiskesortar,
krabbar og andre skapningar frå sjøen.. Læremeisteren vår var
veldig dyktig, og han kunne fortelje oss mykje spennande og gje
oss ny kunnskap. Elevane viste at dei kunne ein god del ved å
svare flittig på mange av spørsmåla som vart stilte. Vi fekk
m.a. lære namn på fiskar, korleis fisken ser ut både utanpå og
inni, m.m. Dei tøffaste fekk prøve å sløye fisk også! Då
ein dyktig skipper la til kai på Austnes igjen, kunne vi kose
oss med sjølvlaga fiskesuppe. Ikkje nok med det: Vi fekk med oss
heim så og seie heile fangsten, så no kan det lagast fiskekaker
og anna godt på skulekjøkkenet i lang tid framover. Takk til
mannskapet på "Havung" for ei fin stund! Bileta talar for seg
sjølve:) |