Temaverkstad om "Eventyret om Pannekaka".

Den første temaverkstaden dette skuleåret tok utgangspunkt i eventyret om pannekaka. Elevane fekk høyre eventyret, og sjå nokre illustrasjonar. Mange kjende nok litt til den sprelske pannekaka, som hoppa ut av panna og rulla sin veg. På vegen traff ho mange som hadde lyst å ete ho opp, men ingen fekk lov. Til slutt traff ho den lure grisen som greidde å ete ho opp, då han baud henne skyss over bekken.
Elevane jobba i seks ulike grupper med eventyret etterpå. Her ser vi målegruppa i full sving. Dei laga eit måleri av pannekaka som rømer ut av steikepanna. Dei har all grunn til å vere stolte av eit flott resultat!  Utruleg kva ein kan skape med godt samarbeid og god arbeidsfordeling.

Nedanfor ser vi det ferdige resultatet.

 

Klossegruppa bygde huset som pannekaka trilla ut av. Det var mykje arbeid, og det måtte fleire konstruksjonar til for å få huset stort og solid nok. I tillegg bygde dei dei sju skrikarungane, mannen og kona og nokre av dyra. Utruleg kor mykje ein kan lage av treklossar! Berre fantasien som set grenser.
Ovanfor ser vi plastelinagruppa i sving. Dei hadde også med mykje detaljar frå eventyret. På biletet ser vi kona som steiker pannekaka.

Legogruppa kosa seg også saman med å bygge hus, menneske og dyr dei kjende att frå eventyret.

Kjekt å sjå når det var tid for å vise fram arbeida at dei hadde med alle dyra frå turen til pannekaka.

Litt rydding må også til etter ei verkstadøkt. Alle må hjelpe til!
Dramagruppa viste heile eventyret. Eit stort høgdepunkt var det nok då grisen tok pannekaka på ryggen og åt ho opp. Elevane var flinke til å hugse replikkane sine, og dei var flinke til å kviskre til kvarandre  når det var behov for det. Det mangla ikkje på applaus då dei var ferdige.
Etter at alle gruppene hadde vist det dei hadde laga for kvarandre, og fått respons på arbeida sine, gjekk vi i gang med å skrive og teikne frå verkstaden. Ikkje problem å kome på noko å teikne eller skrive om, etter ei slik inspirasjonsøkt!

Ein kjekk dag med dyktige og flittige elevar. Positiv læringsøkt for både store og små!