Besøk hos Karsten Flem AS     

Av: Emil, Inger Marie og Hanne

 6. og 7. klasse har vore på bedriftsbesøk hos Karsten Flem AS. Det er ein ''fabrikk" der dei lagar salta fisk, klippfisk og tørrfisk. Her er nokre bilete :-)

 Dette er eit bilete av bedrifta  Karsten Flem AS på Flem.

 

 Her fortel dagleg leiar Karsten Stig Flem om   når det var sesongar for ulike fiskesortar, og vi fekk høyre om når dette bygget vart bygd.
 Det var her dei sløya og salta fisken.
Her er eit bilete av ryggrada til fisken, og ei maskin som fjerna den når dei sløya han. Vi fekk sjå masse rart.
Vi var inne i eit fryserom der det var VELDIG kaldt, det var -25 grader!!!
Dette var MYKJE salt! det er 1000 kg. i ein pose. Og dei brukte 6-10 sekkar om dagen. Dei hadde mange fryse-lager som var tomme også.
Det var masse truckar.
Her er ei pakkemaskin, ho blir brukt til å pakke fisken i pappkasser. Ho gjekk ikkje denne dagen. Her ligg det mykje salta fisk
Her er fisken tørr og klar til å bli frakta inn til fryserommet---->
Her fortalde han oss om kor lenge  fiskane skulle ligge her. Over held dei på med å legge fiskane på pallar, slik dei kan legge det i kjølerommet (0 grader).
OI! dette var ein stor fisk! ---->

 

TAKK FOR OMVISNINGA!