Kunstkafè ! Laga av Malin.

Årets tema til kunstkafèèn på sfo var Nostalgi. Vi starta i september og har jobba med produkta gjennom heile året. Alle fekk lage seg eit bilete med decoupageteknikk, sy ei pute på ei symaskin og pynte eit lys. Alt som vart laga vart stilt ut bakerst i gymsalen. 
Ungane laga brettkaker og vaflar på sfo til kunstkafèèn. Dei eldste var med på å lage til salen og hjelpe til med salget. Vi fekk også god hjelp av nokre større elevar på skulen. 
  Her ser du nokre av dei mange gode kakene vi serverte !
                          Det går i kaffe og kake !
Elevane fekk invitere foreldre, søsken, besteforeldre og andre dei ynskte å ta med seg. Det var godt oppmøte og vi fekk god respons på det vi hadde laga.

 

 

 

Her ser dokke nokre kjekke folk som kosar seg på kafèèn.
Takk til flotte elevar og foreldre som stilde opp og hjelpte oss !!