Utedag til Ullafyret                      

Det vart ein triveleg fineversdag på Ulla for småskulesteget. Først besøkte vi Kvernholmen og såg på fyret og fyrvoktarbustaden. Elevane fekk lære om kvifor det kom eit fyr her og om historia til fyret fram til i dag. Ei ganske spennande og dramatisk historie som du kan lese meir om på:

www.ullanett.com

Ekstra stas at geitene på holmen kom og helste på oss. Dei likte godt å bli klappa og kosa litt med.
Nedanfor er alle elevane frå 1.-3. klasse samla framfor fyret. Dei var "fyrvoktarar" denne dagen.
Etter turen til Kvernholmen samla vi oss i Råvika. Der grilla vi pølser og åt skulematen. Regnet heldt seg unna heile dagen og vi kunne skimte ei sårt etterlengta sol innimellom.