Temaverkstad om Frans av Assisi

I veke 10 har småskulen tema i krl om Frans av Assisi. Dette temaet var innleidd med temaverkstad på tysdag.

Der fekk elevane lære om livet til Frans av Assisi. Forteljinga om då han temde ein ulv og fekk ulven og menneska til å bli venner vart særleg vektlagt denne dagen.

Etter innleiinga arbeidde elevane i ulike grupper. Her uttrykkte dei det dei hadde lært i ulike materiale. Plastelina, sand, måling, klossar og drama var dei ulike materiala som var i bruk.
Her er bilete frå dei ulike gruppene. Det var kjekt å ha temaverkstad igjen etter ein månad med opphald.
Klossegruppa laga statua av ulven som folk i landsbyen først var redde for men seinare vart så glad i. Arbeidet vart så vellukka at etter verkstaden vart ikkje ulven "rasa" ned, slik det er vanleg. Gruppa plukka han fint ned klosse for klosse. 

Dramagruppa laga teater om den onde ulven som vart snill. Nedanfor ser vi ein livredd gris som gøymer seg bak "matmor" si når Frans og ulven kjem på besøk.

Etter verkstaden var det tid for å jobbe individuelt i verkstadbøkene. Her teikna og skreiv elevane om historia og det dei elles hadde opplevd denne dagen. Mange fine opplevingar og mange fine bøker å gle seg over!

 

Ein kjekk dag!