Skrive- og
leseopplæringa ved Flem skule
Her er ei orientering til foreldra til elevane på 2.
årstrinn om korleis vi driv med skrive- og leseopplæring.
Mål etter 2. årstrinn:
Elevane skal kunne:
·
Ha knekt lesekoden, lese og forstå enkle tekstar
·
Kunne lydane og skrive alle bokstavane i alfabetet,
både store og små
·
Kunne diftongane
·
Bruke dei små bokstavane når dei skriv
·
Skrive tekstar på data og lese dei
Metode:
HAUST:
·
Elevane har Tuba Luba som læreverk.
Dette består av 2 lesehefte og 4
bokstavhefte.
·
Det blir jobba grundig med ein bokstav i veka
o,l,a,s,e,i,b,m,r,f,u,k – er
bokstavane før jul
Elevane jobbar med å skrive desse
rett og lage små ord med dei
·
Elevane har leselekse heime kvar dag
·
Trening i friskriving i loggbok etter
verkstad/uteskule
VÅR:
·
Det blir jobba grundig med bokstavane
åt,n,p,ø,v,h,g,y,d
·
Oppgåver for å lære diftongane
·
Aktiv bruk av datamaskinen til bokstavinnlæring og
tekstskaping. Til dømes lage bokstavbøker, ordbøker, små forteljingar med teikning
til. Forskning viser at aktiv bruk av skriving på pc i lese- og
skriveopplæringa, gir positive læringsresultat.
·
Trening i friskriving i loggbok etter
verkstad/uteskule
Oppfølging heime:
·
Det er viktig med eit godt og nært samarbeid mellom
heim og skule. Det er forventa, og avgjerande for læringa, at foreldra støttar
eleven med heimearbeidet. Kvar fredag får elevane ein ny vekeplan. Her står
læringsmål for veka, heimearbeid og elles viktig informasjon.
·
Det er viktig at heimearbeidet opplevast som
overkomeleg for eleven og at det er lystbetont å gjere lekse. Ver ikkje redd
for å ta kontakt med skulen dersom mengda opplevast for stor/lita eller at
arbeidet er for vanskeleg/lett.
Skrive- og
leseopplæringa ved Flem skule
Her er ei orientering til foreldra til elevane på 3.
årstrinn om korleis vi driv med skrive- og leseopplæring.
Mål etter 3. årstrinn:
Elevane skal kunne:
·
Lese lengre tekstar med flyt, samanheng og forståelse
for innhaldet.
·
Kunne diftongane, og ein del rettskrivingsreglar
·
Kjenne att ordklassene substantiv, verb og adjektiv
·
Kunne spørjeorda, samansette ord, konsonantar og
vokalar
·
Bli bevisste på når ein skal bruke dobbel konsonant
·
Skrive tekstar på data, legge til bilete.
·
Kunne gjere greie for setning, avsnitt – punktum og
spørjeteikn.
·
Bruke små og store bokstavar naturleg i tekst, hugse
stor bokstav etter punktum og i særnamn.
Metode:
·
Elevane har Tuba Luba som læreverk. Det er 2
lesebøker og 2 oppgåvehefter. Desse blir det jobba med både heime og på skulen.
·
Kvar veke har vi språkverkstad på skulen. Her jobbar
elevane med språkutvikling i aldersblanda grupper.
·
Elevane har leselekse heime kvar dag
·
Aktiv bruk av datamaskinen, små forteljingar med
teikning til. Forskning viser at aktiv bruk av skriving på pc i lese- og
skriveopplæringa, gir positive læringsresultat.
·
Trening i friskriving i loggbok etter
verkstad/uteskule
·
Kvar veke har vi språkverkstad på skulen. Her jobbar
elevane med språkutvikling i aldersblanda grupper.
Oppfølging heime:
·
Det er viktig med eit godt og nært samarbeid mellom
heim og skule. Det er forventa, og avgjerande for læringa, at foreldra støttar
eleven med heimearbeidet. Kvar fredag får elevane ein ny vekeplan. Her står
læringsmål for veka, heimearbeid og elles viktig informasjon.
·
Det er viktig at heimearbeidet opplevast som
overkomeleg for eleven og at det er lystbetont å gjere lekse. Ver ikkje redd
for å ta kontakt med skulen dersom mengda opplevast for stor/lita eller at
arbeidet er for vanskeleg/lett.
·
Det er forventa at foreldra jobbar saman med elevane
heime med leseleksa. La elevane lese heile leksa, men plukk også gjerne ut
enkelte ord i tekstane og les dei i tilfeldig rekkefølge. Dette er god trening,
og ein unngår at leseleksa berre blir ”utanattlæring”