Temaverkstad: "Askeladden og dei gode hjelparane"

Torsdag 13. januar hadde småskulesteget temaverkstad. Denne gongen hadde vi tema om folkeeventyr. Vi starta  økta med å sjå Ivo Caprino si filmatisering av folkeeventyret "Askeladden og dei gode hjelparane".

 

Etter filmøkta var det tid for å jobbe med eventyret. Elevane vart delt inn i grupper som skulle jobbe med ulike materiale.

Klossegruppa bygde både skipet, kongsgarden og hjelparane, men mest tid brukte dei nok på å lage prinsessa i eventyret. Det vart nokre forsøk før dei saman greidde å bygge ho slik ho vart solid nok til å stå.

 

Målegruppa hadde også mykje dei ville lage. Denne gongen vart det ikkje fellesbilete. Elevane på gruppa måla kvar sitt bilete. Mykje å finne att frå eventyret her ja....
Legogruppa hadde også mange detaljar frå eventyret. Tråd på legokroppen blir bra hår!

Sandgruppa laga også mykje flott. Nedanfor er bilete frå då dei viste fram det dei hadde laga. Dei hadde laga eit lite skodespel også. Spennande å følge med.

Plastelinagruppa la ned ein stor innsats og laga "Skipet som kan gå like godt til lands som til vands - og i lufta og".
Så var det tid for vising. Alle gruppene viser til dei andre det dei hadde laga. Det er gruppeleiarane sitt ansvar å styre gruppa, og å fortelje kva dei har laga. Deretter får dei positiv respons på arbeidet sitt med ei anna gruppe.

Først ut var dramagruppa. Det var spennande å få sjå eit skodespel! Til høgre ser vi Askeladden som møter kongen og kongsdattra. Nedanfor er ein av hjelparane. Han må halde seg for munnen for ikkje å sleppe ut fleire vintrar...

Etter verkstaden var over, var det tid for å skrive frå dagen i verkstadboka. Ivrige elevar arbeidde godt med å skrive og teikne frå dagen.

Ein kjekk verkstaddag for både store og små!