Tur til Haramsneset
22/5-08
![]() |
Torsdag 22. mai var første og andre årssteg på Flem skule på langtur
til Haramsøya. Her var vi yst på Haram, der vi besøkte Haramsneset. I samband med at vi har jobba litt med segner, fall det seg naturleg å besøke Haramsneset og sjå "spora" etter segna om Bård. Dei fine steinformasjonane her, har vore opphav til ei segn om ein mann som skal ha levd her i utgamal tid. Etter han døydde kom onde vetter og skapte tinga hans om til stein. Til venstre ser vi fotsporet hans. |
![]() |
![]() |
![]() Bård hadde husdyr. To av grisane hans står att i Haramsneset. Med trynet mot kvarandre står dei nede i havkanten. |
![]() Det var ikkje vanskeleg å sjå grisane og det var kjekt å prøve å kjenne på dei glatte steinane, og klatre på dei. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Segna fortel at Bård ikkje likte uver og regn. Ein dag det kom uventa regn, trengde han seg like godt inn i eit berg. Denne staden vert i dag kalla "trengsla" Det var morsomt og litt skummelt å prøve henne. | ![]() |
![]() |
![]() |
Neste stoppestad på turen var kyrkja til Bård. Ei flott oppleving å stå inne i mellom to steinklippar å høyre båresuset og ekkolyden av å vere "inne" i berget. På fjøre sjø blir rommet ganske stort, så alle 19 fekk plass inne. Det seiast at her brukte Bård å ta med fela si og spele dei vakraste melodiar. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Smørkinna er også spor av. Denne er nesten to meter djup.
Nedanfor er bilete av preikestolen til Bård. Her kunne han stå i timesvis og lese dikt, tale og spele fele, med ope hav som utsyn og publikum. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Det seiast at Bård i Neset hadde to brør på Løvsøya. Ein gong han hadde vore der borte hadde han fått servert rømmegraut. Bård gjorde ikkje skam på maten og åt vel og lenge. Det var då han skulle ro heim han kjende magen slo seg vrang. Det var så vidt han greidde å kome seg opp i Neset med båten før han fekk ein frykteleg magesjau. "Renneskjeta" er det spor av enno. Ei kvit stripe frå sjøen og langt opp på land viser spora etter ein lysteleg tur på Løvsøya. | ![]() |
| Siste stoppestaden i segna denne gongen var kista til
Bård. Det seiast at då han vart sjuk og visste han skulle døy, la han
seg i ei ferdig laga kiste nedfor Neset. Så drog han loket over kista si
og døydde. Kista er kun synleg ved fjøre sjø. Utedagen vart avslutta med at vi laga rabarbrasuppe saman i fjøra, og elevane fekk leite etter liv i fjøresteinane. Ikkje reint lite aktivitet å spore denne årstida. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |