Bakedag på småskulesteget
![]() |
12. desember hadde vi bakedag på småskulesteget på Flem
skule.
Det skulle bakast lefser og kokast søst og vi skulle lage lusse-kattar til Luciatoget dagen etter. |
| Til høgre ser vi ein korleis alle fekk prøve å bake ut
minst ei lefse kvar. Alle fekk til, og ingen ga seg før dei hadde fått
baka ut ei vellukka lefse.
Nedanfor ser vi neste steget som var å steike dei. Her gjaldt det å ha falkeblikk for når lefsa skulle snuast. Fort gjort å brenne baksten! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Ovanfor ser vi korleis lefsene blir smurde. Etterpå var det
tid for ei kort pause, der alle fekk smake på lefsene.
Til høgre ser vi eit brett med så å seie ferdige lusse-kattar. Berre nokre få rosiner til, så er nok desse klare å få i ovnen. Nedanfor er bilete frå utbakinga! Fin bakegjeng med lagånd og godt samarbeid! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Til venstre er noko av den ferdige gjærbaksten. Sjølv om
Luciadagen enno var nokre timar unna - måtte vi ha oss ein smakebit av
den innbydande baksten.
Nedanfor er bilete av søstkokinga. Det var spennande å vere med på å sprenge mjølka med surmjølk og eddikk. Og mange modige elevar turde å smake på det ferdige resultatet! Ein kjekk dag som gjekk alt for fort. Dagen etter var det Rektormøte på skulen, og då vart baksten teken godt imot.
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |