DAVID MOT GOLIAT -
TEMAVERKSTAD 4.OKTOBER
![]() |
Torsdag 4. oktober hadde vi temaverkstad frå KRL med tema David og
Goliat. Som innleiing såg vi ein film der elevane fekk lære litt om kven
David var, og kva som skjedde då han slo kjempa Goliat med slynga si. Det sto om livet for israelsfolket, som anten kunne bli eit fritt folk om dei vann slaget, eller om dei tapte, bli slavar for filisterane. |
| Etter inleiingsøkta jobba elevane som vanleg med
forteljinga i grupper med ulike materiale. Ovanfor er klossegruppa i
gang med å lage israelshæren. Kjempa Goliat står i bakgrunnen.
|
![]() |
![]() |
Stoffgruppa er i gang med å gjenskape forteljinga. |
| Målegruppa laga eit stort fellesbilete frå det dei fekk
med seg frå forteljinga. Det ferdige arbeidet fekk med mange detaljar.
Sjå lenger nede. Elevane samarbeidde godt og gruppeleiaren var flink å gi oppgåver til alle. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Sandgruppa lagar kjempa Goliat. Ikkje enkelt å greie å lage ei diger kjempe i sanden. Mange hender måtte til for å lage Goliat stor nok. Samarbeid - ei nødvendigheit! |
| Pappgruppa laga stor kjempe av tørkerullpapp og lita kjempe i dorull-papp. Det var kjekt å få nytte litt plastalin også. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Til venstre og nedanfor er nokre av dei ferdige resultata. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Elevane samla seg rundt dei ulike gruppene og gruppeleiaren fortalde kva gruppa hadde laga. Etterpå fekk gruppa respons frå ei anna gruppe på det dei hadde laga. |
| Siste innslaget på temaverkstaden var det dramagruppa
framførte. Dei hadde laga skodespel av når David vann over Goliat. Ein kjekk verkstad-dag med motiverte elevar som var flinke å samarbeide. Mykje kreativt vart skapt ut frå dei materiala og den inspirasjonen elevane fekk tildelt. Stor glede å vere lærarar og få oppleve ein slik dag. Verkstadbøkene, som det vart jobba med etterpå, var også ei fryd å lese og sjå i. Vi gler oss til neste gong! |
![]() |