Dei 3 bukkane bruse - til inspirasjon og skaparglede!

Så var det klart for årets første temaverkstad. Vi starta med tema om eventyr, og valde eventyret om dei 3 bukkane Bruse. Dette er eit kjent eventyr som det var lett å bli inspirert av. Vi las eventyret og såg på bilete saman. Deretter gjekk elevane i ulike grupper der dei skulle lage noko frå eventyret. Til venstre ser vi klossegruppa i full sving med å bygge bru og bukkar. Til høgre er målegruppa i sving med det same.
Stoffgruppa - klipper stoffbitar og limer dei til eit felles bilete. Her må det samarbeidast om det skal bli eit vellukka resultat. Til  høgre ser vi plastelinagruppa som også lagar til eventyret. Alle gruppene var veldig flinke til å samarbeide, og dei eldste var flinke gruppeleiarar som passa på at gruppa si jobba godt saman, og at alle hadde noko å gjere.
Dei to siste gruppene var sandgruppa og dramagruppa. Det var spennande å få sjå elevane framføre eventyret for alle. Dei var flinke til å hugse replikkane sine.

Etter elevane var ferdige på gruppene viste dei fram for kvarandre kva dei hadde laga. Gruppeleiarane forklarte og dei andre gruppene gav med positiv respons på det dei hadde gjort. Nedanfor er bilete  frå visinga på verkstaden.

Til slutt vart verkstaden avslutta med ei arbeidsøkt med verkstadbøkene. Her jobba elevane i bøkene sine og skreiv og teikna frå det dei hadde opplevd. Ikkje vanskeleg å fylle sidene etter ei slik inspirasjonsøkt.

Det vart ein kjekk verkstad. Det er alltid spennande for oss lærarane med mange nye elevar, men alt gjekk fint. Elevane var hjelpsame og hyggelege mot kvarandre, og flinke til å ta vare på dei som hadde sin første verkstad!