![]() |
Spennande animasjonsverkstad! |
![]() |
![]() Filmskapar Kine Aune kom til Flem skule |
I veke 48 hadde 2.-4.årstrinn besøk frå "Den kulturelle skulesekken". Mange av foreldra huskar kanskje Kine Aune frå Barne-Tv på 70-talet. Ho hadde med seg Linda Wintervold frå Animasjonshuset på Røros, og 2 studentar frå medielinja der. Saman skulle dette laget lose elevane gjennom 4 enkle animasjonsteknikkar som er grunnlaget for å lage animasjonsfilm. |
"Hva skal vi gjøre med lille Jill"Den mest int. kjende filmen til Kine Aune. |
![]() |
|
![]() |
![]() |
Første dagen skulle vi lære om å lage animasjonsfilm på gamlemåten. Her skulle elevane lage "flip-bok". Dei fekk utdelt ein bunke med små ark der dei skulle teikne ein animasjon. For kvart bilete skulle det vere små endringar, slik at ein kunne "flippe" gjennom boka raskt og sjå "film".I ekte animasjonsfilm må det vere minst 25 bilete. Elevane teikna 12 bilete kvar som vart avfotografert og sett saman til film ved hjelp av eit redigeringsprogram. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Seinare denne dagen fekk vi møte filmskaparen Kine Aune. Ho hadde med seg ein del av dei filmane ho har vore regissør for. Særleg populært var det å sjå den internasjonalt annerkjende filmen "Hva skal vi gjøre med lille Jill", men filmane om lille Kevin som utforskar verda var også godt likte. Aune fortalde kva det vil seie å vere filmskapar og korleis ein animasjonsfilm kan bli til. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Andre dagen starta med at vi fekk sjå filmane av nokre av "flipbøkene"
dei hadde laga dagen før. Dette vakte stor begeistring hos elevane som
gledde seg til ein ny og spennande verkstaddag. Denne dagen skulle det lærast nye animasjonsteknikkar. Første aktiviteten skjedde i gymsalen. Her var alle elevane filmstjerner. Dei flinke studentane frå medielinja på Røros skulle vise teknikken Pixilation. Her tok dei hundrevis av bilete og elevane fekk finne ut korleis det er å vere dokker i ein animasjonsfilm. |
![]() |
![]() |
Her var det berre små bevegelsar før nytt bilete skulle takast.
Sjølv om dette var ein krevande og lang prosess, vart resultatet utruleg
artig. Her fekk elevane sjå seg sjølve gå gjennom murveggen i gymsalen.
Heile klassa vart også trylla vekk i ei pappkasse, for så å bli rista ut
att. Dette er ein teknikk fleire av lærarane lenge har drøymt om å
kunne, og no kan vi det... Vi gler oss til desse filmane blir ferdige, då vil vi vise dei til medelevar og foreldre.
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Seinare på dagen fekk vi prøve dei to siste animasjonsteknikkane vi skulle lære. Dette var "cut-out" eller papirklipp på godt norsk, og tredimensjonal animasjon med sjølvlaga figurar i plastelina. Her jobba elevane i grupper, og alle fekk prøve begge teknikkane. Her laga elevane figurar og etterpå dikta dei ei handling der figurane deira fekk roller. Ekstra kjekt var det at elevane også fekk prøve seg som fotografar. Det var spennande å sjå korleis ein fekk til ein film meg å bevege figurane trinn for trinn. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Det var tre kjekke og lærerike dagar. elevane stod på heile tida og tok godt imot råd og tips frå kurshaldarane. Det blir spennande å sjå korleis resultatet blir når vi får dei ferdige filmane. Vi ventar i spenning! |