FASTELAVN

Nedanfor kan du sjå bilete av då 1. og 2. årstrinn laga fastelavnsris. Her kan du også lese litt informasjon om dagane i fastelavnveka.
God vinterferie - og god fasterlavn!!!
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Ordet fastelavn stammer frå det tyske ordet Fasten-Abend, og tyder kvelden før fasten. Dette var opprinnelig ei tre-dagers festperiode, som bestod av fastelavnssøndag, blåmandag og askeonsdag. I tillegg til desse, så kjenner vi også til uttrykket feite-tysdag som ein del av fastelavn.
Fastelavnssøndag: Denne dagen vart også kalla fleskesøndag, og var dagen for fråtsing. Her høyrer en at skikken var at ein skulle ete 9 gonger i kvart hjørne av stova, for dette skulle gi mat heile resten av året. Flesk og feit suppe med mjølbollar var måltidet.
Det at vi i dag et fastelavnsboller er restar av denne gamle skikken. Fastelavnsboller er ekstra gode boller som skal fyllast med noko godt, som f.eks. syltetøy og/ eller mykje krem, eller med mandelfyll. Å bake fastelavnsboller var først eit velstandsfenomen i byane. På landsbygda i Norge hører vi først om dette i begynnelsen av dette århundre.
Blåmandag: Denne dagen skulle det vere skrinn og dårleg mat, slik at ein var ekstra sliten til matgildet på feite-tysdag. Kirkelig sett meinar ein at namnet blåmandag stammer frå tysk -blauer Montag- som igjen kjem frå den katolske middelalderskikken med å kle alteret i kyrkjene med blå duk, for å vise kyrkjegjengarar at prestane hadde begynt fastetida.
Uttrykket blåmandag brukast den dag i dag som nemning på at nokon skulker arbeidet uten å være syk.
Feit-tysdag: Denne dagen var den siste dagen før fasten satte inn, og da skulle ein sete fram den beste og feitaste maten ein hadde i huset. Hovedmaten var kjøtt og flesk, kjøttmølje eller rømmegraut. Formålet med måltida denne dagen var å få mest mulig å tære på til den lange fasten satte inn. Kveldsmaten var ofte eit middagsmåltid nummer to, og mange av dei som var dårligere stilt hadde problemer med å fordøye all den feite meten på ein gong, men denne dagen var ofte et av årets høydepunkt for barna.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |