Idyllisk vårdag
![]() |
Torsdag 24/4-2008 var elevane i første og andre klasse på Flem skule på tur. Denne gongen skulle vi leite etter vårteikn. Vi gjekk inn til Gjerdefjøra, og på veg dit fann vi mange vårteikn! Nedanfor ser vi nokre av dei. |
| Det er utruleg å sjå naturen på denne tida av året. Knoppane på trea er i ferd med å sprette ut, og friske nye blad er i ferd med å kome til syne. Lite av dette minnar om dei gamle haustblada vi slit med å få rydda vekk frå takrenner og sluk. Friskt grønt gras og fine markblomar var lett å få auge på i det flotte veret. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Vi kom også over ein nypløygd åker som var spennande. Artig å kjenne
på den tørre molda, og lukte på ho. Ei anna lukt som var god å kjenne var lukta av kuskit. Grøne fine markar treng gjødsel- absolutt eit vårteikn. Nedanfor er nokre av blomane vi traff langs vegen. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Så kom vi ned i Gjerdefjøra. Her ligg den gamle butikken til Flemsøy
Forbruksforening. Rart å tenke på for ein aktivitet det var i dette
området for berre få tiår sidan. Dei tre bileta viser butikkutviklinga til samvirkelaget på Flemsøy/Skuløy. |
![]() |
![]() |
![]() |
I fjøra var det også eit yrande liv. Det var berre å lette på ein
stein, så kraup det. det var spennande å fange krabbar, ålar og
tanglopper. Vi laga små akvarium der vi fekk studere dei merkelege
småkrypa nærare. Nedanfor er bilete frå fjøra. Dagen vart avslutta med skriveøkt på skulen. Ikkje få inntrykk var det å skrive om, og det vart mange flotte teikningar frå dagen. Mange merka også at sola hadde bruna dei litt! Ein av elevane var nok ekstra begeistra: "Våren er jaggu ei fin årstid" sa han. Alle var einige - og snart er det sommar! Det er mykje å glede seg til! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |