Yrande liv i Flemsfjøra

Tysdag 22/5 var småskulesteget på ekskursjon til Geita på Flem.

Her skulle vi lære om minnesmerke som vart sett opp her etter krigen og vi skulle studere det yrande livet i fjøra i dette området. Vi gjekk frå skulen og utover. Her er heile gjengen samla på berget i hagen til Leif Flem i  Hildregarden.

Under viser dyra til Flona som er godt i gang med beitesesongen. Dei kosa seg i fineveret! Det var berre kjekt at nokre kom å ville lukte på små barnehender som forventningsfulle var strekte fram. Litt skummelt også...!

Under er to av dei mest kjende skjera på Flem. Kløvningen og Kråka. Begge desse skjera har kjende segner knytt til seg! Dei ligg rett utanfor der den gamle Flemsgarden låg før utskiftinga på slutten av 1800-talet.

Ungane på Flem vart før i verda trua med at dersom dei ikkje oppførte seg ville dei bli rodd ut på Kråka! Det var nok litt skummelt....

Til høgre og under er bilete av krigsminnesmerket på Geita. Under krigen var heile kysten minelagt av både engelskmennene og tyskarane. Dette var for å hindre skipstrafikken. Fleire av desse sleit seg og dreiv opp i fjørene både i krigsåra og seinare. Mina som stod her opprinneleg kom opp i Flemsfjøra under krigen. Tyskarane tømde ut krutet og sprengde dette. Mina vart etter krigen sett opp på eit fundament av Flemskarane og vart ståande for ettertida som eit minne over ei tid då landet var under framandt styre og fridommen til folk var lagt band på. Seinare rusta mina opp og Flem vel fekk laga ein kopi som står der i dag!

All ære til dei som gav oss dette minnesmerket!

Etter læringsøkta om Geita var det på tide å studere livet i fjøra der ute. Det var mykje å finne og plutseleg hadde vi 23 biologar som utrusta med forstørrelsesglas og kartleggingsduk tråla fjøra etter liv! Nedanfor er nokre av funna. Det var kjekt å samle ulike dyr i "akvarium" og studere dei. Alt frå krabbar til små gjennomsiktige flyndrer måtte gjennomgå litt handtering denne "forskningsøkta"
Det var særleg stas å finne måsereir og rumpetroll som kravla i dammane. Nokre av rumpetrolla tok vi også med heim for å følge med på utviklinga deira vidare!

 

Ein kjekk dag. Uveret som overraska oss på veg heim gjorde ingenting. Vi er då i slekt med vikingane og Amundsen som nokre av elevane så klokeleg påpeikte!