Besøk på gamleskulen på Flem
![]() |
I samband med at vi på småskulen har gamle dagar som tema, fall det
seg naturleg å lære om skulen i gamle dagar. Kva passa då betre enn å
besøke den flotte gamleskulen på Flem - eit godt steinkast frå skulen
vår. Til venstre fotografi av ein akvarell av skulen måla av Nelly Myskja. |
| Det er alltid kjekt med ressurspersonar som velvilleg
stiller opp. To av desse - Birgit Fjelle og Leif Flem, som begge har
jobba ved skulen, fortalde om gamle dagar og viste elevane gamle
bruksgjenstandar som folk har gitt til Laget gamleskulen.
Her viser tidlegare lærar ved skulen, Birgit Fjelle, ein gamal oljelampe. Det var spennande å sjå og høyre ho fortelje. |
![]() |
![]() |
Det er imponerande å sjå kor ildsjelene har gjort gamleskulen til
ein flott kulturinstitusjon. Bygget har fått eit flott ytre løft og
innvendig har det blitt litt av ei rik kultursamling etterkvart. Her fortel tidlegare rektor på skulen, Leif Flem, om den gamle ovnen som stod i kråa, og skjermbrettet som vart brukt for å skjerme dei elevane som sat nærmast ovnen. |
| Her er eit apparat som blei brukt til å lage statisk
elektrisitet. Sveiva ein lenge nok, røyste håret seg på hovudet, kunne
Leif fortelje. Legg merke til at ein isolerande krakk måtte til for å få
full effekt. Skapet var elles fullt av kulturskattar. |
![]() |
![]() |
Det var kjekt å få sitte på dei gamle benkane som elevane brukte før i tida. Her var også hol til blekkhus. Det var eit og anna namnet som også var rissa inn i dei gamle benkane, som har fått sitt preg av mange generasjonar sin skulegang. |
![]() |
![]() |
| Birgit fortalde også frå historia til gamleskulen. Denne
er rikt skildra i årbok for Haram Kulturhistoriske lag 2005.
Skulen er over 120 år gamal. Først var det berre ei skulestove, seinare vart det bygd til ei lærarstove utover. Her budde læraren med familien sin. Birgit kunne fortelje at ein av lærarane som budde der hadde fem born! Om ein studerer skulen - ser ein at han er påbygd. Aukande skulegang og større årskull - gjorde at også yste enden av skulebygget etterkvart vart teken til klasserom. |
![]() Akvarell av Nelly Myskja |
![]() |
Kunstnar Johan Flem - som har vore elev ved skulen - har teikna fleire av personane som har vore viktige for øya vår. Her er eit portrett av Leif Flem som var rektor ei årrekkje og som er ei viktig brikke i det musikalske kulturlivet. |
| Her er eit portrett av Anton Flem. Ein av dei som fekk
skogplantinga organisert på øya vår. Han var treskjerar og den flotte lysekruna på gamleskulen er det han som har laga. |
![]() |
![]() |
Ein plakat frå 1912 om korleis eit barn skulle oppføre seg, var også spennande å få lese og høyre om. Formuleringane er gamle, men innhaldet i dei er nok folkeskikk som også i dag er gjeldande. |
| Den gamle telefonsentralen som før var inne på
Longvaneset har også blitt flytta til gamleskulen. Rart å tenke på i vår
"datatid" korleis telefondamene styrte manuelt samtalane før i tida. Eit kjekt og lærerikt besøk, med ivrige formidlarar. Elevane var fulle av inntrykk etter besøket. Inntrykk som er gode og viktige å ha med seg i "livsbagasjen" sin. Inntrykk som er kjekke å knyte band til vidare i undervisninga. |
![]() |