HUSJAKT PÅ LONGVA!

Utedagen i veke 43 var via til å studere ulike hustypar i nærmiljøet. Vi valde å konsentrere oss om to hustypar. Sunnmørstove - her vist den gamle sunnmørsstova på Longvaneset. Og Funkis-hus.
Elevane studerte nøye dei to ulike hustypene - og saman fann vi likskapar og ulikskapar.
Deretter sette vi oss ned og tok grovskisser av dei to husa.
Ei låvebru kan brukast til så mangt. Ein gong i tida til tunge høylass - denne dagen skissebord for ivrige elevar.
Elevane laga fine skisser som vi tok att og jobba meir med på skulen. Dette var ein fin sjanse å bruke til å lære dei å teikne tredimensjonalt. Elevane skreiv ivrig og teikna fine hus etter turen. Heimelekse: Fortel nokon heime om det du veit om funkis-hus og sunnmørsstove! Mange har nok mykje å fortelje!