Temaverkstad 10/1-08
JONA i KVALEN
![]() |
Årets første temaverkstad hadde bibelkunnskap som tema. Meir bestemt om Jona som var ein av profetane i det gamle testamentet. Jona var ein profet som var ulydig mot Gud. Han prøvde å stikke av frå det Gud ville ha han til å gjere. Han stakk av på båt, men Gud laga storm, og Jona skjønte at einaste måten å få roleg hav att var at dei andre kasta han over bord. Gud sende ein stor fisk som svelgde han og førte han i land att. Då skjønte Jona at han måtte følgje Guds vilje. |
| Målegruppa laga eit stort fellesbilete der dei fekk med mykje frå forteljinga. Dei var flinke å samarbeide og passe på at alle på gruppa fekk oppgåver. Det vart eit flott bilete til slutt! Nedanfor ser vi eit utsnitt av det ferdige resultatet. | ![]() |
![]() |
![]() |
| Stoffgruppa gjorde også ein fin innsats. Dei klippte i
stoffrestar og laga eit fint fellesbilete. Til venstre nedanfor kan vi sjå det ferdige resultatet! Nedanfor ser vi då stoffgruppa presenterte arbeidet sitt for dei andre gruppene. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Klossegruppa var også inspirerte frå forteljinga om Jona. Dei laga
båten og kvalen, og det var ikkje mange ubrukte klossar att då dei var
ferdige! Spanande var det også å sjå kva som skjulte seg inni kvalen, då dei presenterte arbeidet sitt. |
![]() |
![]() |
![]() |
Sandgruppa hadde også mange løyndommar på lager då dei presenterte
sitt arbeid. Utruleg kva som kan formast av "inne"- sanden vi har på
skulen. Til venstre er heile gruppa i sving! Nedanfor ser vi bilete frå framvisinga. Spente tilhøyrarar! |
![]() |
![]() |
![]() |
Papp-gruppa forma m.a. en tredimensjonal kval som svelgde ein pappfigur! Spennande å følgje med på om han kom i ein bit ut igjen av kvalen. Papp kan nyttast til meir enn emballasje! |
![]() |
![]() |
![]() |
Dramagruppa viste fram forteljinga på ein flott måte. Her var det både innøvde replikkar og improvisering! Til venstre ser vi tre livredde sjømenn som er redd stormen, og Jona som ligg i båten og søv. Nedanfor kastar dei Jona på sjøen og etterpå ser vi den store fisken som svelgjer Jona og dreg avstad med han. |
![]() |
![]() |
![]() |
Heldigvis gjekk det bra med Jona. Her er han komen velberga ut av
fisken og er klar til å høyre på Gud att. Ein kjekk verkstad-dag! Kjekt å sjå elevar i aldersblanda grupper som samarbeider og støttar kvarandre! Fint å sjå elevar som veks på tildelte oppgåver og tildelt ansvar. Det vart mange flotte verkstadbøker å lese i etterpå. |