Juleverkstad       

Spennande dagar!

Torsdag og fredag denne veka er det juleverkstad på skulen vår.

Nedanfor er nokre bilete frå første dagen!

Elevane har på førehand vald to produkt dei vil lage.

Lysstøyping er alltid kjekt! Karianne passar varmen og elevane går i ring og dyppar. Her trengs det trott, men det er triveleg å sjå at lyset veks. Til slutt vert lysa dyppa i eit raudt lag voks.Har vi råd til å brenne slike fine lys?

Kjekt med gode hjelparar er det også. Tusen takk til alle som stillte opp og var med oss denne dagen! 

 

Ei gruppe laga englar. Her måtte ein både klippe og sy. Kjekt å få med seg ein slik engel heim etter julefesten seinare i desember!
Den tredje gruppa laga nissekoneuro. Mykje arbeid, men du å du kor fine dei vart!
 

Ei anna gruppe laga englebilete. Under ser vi det ferdige resultatet. Her vart decoupageteknikk nytta.

 

Ei av gruppene laga nettinghjarte. Tenk alt hønsenetting kan brukast til! Resultata vart kjempefine.

 

Filting er ein poppulær aktivitet i år. På juleverkstaden vart det filta juletre på isoporkjegler. Spennande å sjå korleis reultatet vart. Her måtte det stikkast mange tusen stikk for å få fint resultat! Etterpå måtte juletreet pyntast med gull-lekkjer og kuler - slik juletre må pyntast!
I morgon skal det også vere ei gruppe som skal lage nissefamilie i stein. Her er ein av modellane som skal lagast. Vi gler oss til i morgon! Ein hektisk dag er over, mange flotte produkt ligg på skulen og ventar på å bli pynt på veggane i salen på julefesten. Deretter skal dei ut til heimane og vere med på å skape god julestemning!