Flott skøytedag på Larsdemma

Sjølv om vi har sett lite til snøen så langt i år, har vi no hatt nokre flotte kalde dagar - som har gitt oss fin is. Tysdag i veke 7 tok småskulesteget turen til Larsdemma på Rogne. Her var det god og trygg is å gå på. Vëret var upåklageleg.

Dei som hadde skeisser tok med desse og det var mange som meistra isen flott!

Nedanfor ser vi bilete frå ein av dei populære aktivitetane elevane tok del i. Midt på isen er det ei lita øy der det var fint å lage bål. Sidan vi har lært om ulike båltypar - var alle einige i at det var pagodebålet som var det rette bålet å lage. Særleg når vi skulle nytte bålet til å steike vaflar! Vi hadde med to gamaldagse vaffeljern - og mange synest nok at utevaflane smakte godt!
Litt andre aktivitetar måtte ein også ha på ein slik dag. Ishockey var ein kjekk aktivitet.

Det same var hinderløype på isen. Akebrett, tau, og spark var også rekvisita som var populære å leike med.

Ein kjekk dag!