"Tidleg krøkast..... - ..... for god lefsebakar å bli"
![]() |
Desember er tid for bakst, og det er viktig å halde dei gamle baketradisjonane i hevd. Det vert sagt frå gamalt av at det var så mykje fyring i komfyrane i desember at det brukte å kome eit mildvêr med sval vind denne tida. Denne milde brisen vart kalla "kakelinna". Ein mild vind på grunn av all fyringa til mat som skulle lagast til jul. Elevane på småskulesteget gjorde sitt til for å bidra til denne først i desember. Torsdag 4. desember baka vi lefser. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Først måtte emna bakast ut. Alle fekk bake ut kvar si lefse. Det var spennande å prøve å bake, og alle fekk til. På førehand hadde vi vege alle emna og målet for alle var å bake ut ei lefse som var like stor som gråpapirforma dei hadde under. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Etter emnet var baka ut var det tid for å steike lefsa si. Her måtte elevene passe godt på så lefsa ikkje vart svidd. "Ikkje for mykje og ikkje for lite" vart gjenteke nokre gongar. Det var artig å løfte opp lefsa og riste av mjølet og deretter forsiktig, men raskt, få henne på takka utan brettar. Denne teknikken lærte elevane raskt og det vart mange bake-ekspertar etterkvart denne dagen. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Etter alle hadde fått
baka ut og steikt kvar si lefse var det tid for bløyting og smørjing.
Tenk at lefsene skulle under kranen og få vatn på seg! Så skulle dei dusjast med vatn etterpå på andre sida. Etterpå starta den møysommelege jobben med å smørje dei. Vi hadde laga ei blanding med smør, sukker og melis som skulle bli godt fyll. Varsame barnehender måtte foriktig smørje dei våte lefsene. Her måtte ein vere varsam så det ikkje vart hol. Alle fekk med si lefse heim. Ein kjekk dag! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |