Småskulesteget
i fotspora til Leiv Erikson
![]()
![]() |
Torsdag i veke 3 hadde småskulesteget om Leiv Erikson. Vi skulle lære om kven dette var, og kva han oppdaga. Første økta såg vi bilete og las om Leiv Erikson og vikingane som reiste til Vinland (I dag Amerika) Vi fekk høyre om kvifor dei reiste dit, og kva som skjedde med dei der. IU tillegg måtte vi få kjennskap til kva ein viking er. Fulle av inspirasjon gjekk elevane i grupper og jobba med det dei hadde fått høyre om i ulike materiale. Nedanfor er bilete av arbeidet på dei ulike gruppene. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Det vart flotte produkt. Over ser vi målegruppa i sving. Denne dagen jobba vi med akrylfargar, og her måtte det fargeblanding til for å få til dei rette fargane. Til venstre ser vi stoffgruppa og deira flotte fellesarbeid! Eit stort og fint vikingskip. Nedanfor er det sandgruppa og plastelinagruppa. Kva kan passe til årer? - lurte dei på. Etter ei stund kom dei fram til at lange spikarar kunne passe! Kjempesmart. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Klossegruppa laga vikingskip med 30 årar. Akkurat som det dei hadde høyrt om då vi las om Leiv Erikson. Det var også viktig å lage vikingar og indianarar som kriga i Vinland. | ![]() |
![]() |
![]() |
Dramagruppa joba også med tema då Leiv Erikson og folka hans kom til det nye landet. Her var det vikingar og indianarar som kriga. Legg merke til dei fine hovudplagga dei har på seg. Ikkje vanskeleg å sjå kven som er viking og kven som er indianar her! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Etterpå var det tid for å skrive og teikne i loggbøkene. Her vart
det mange spennande faktaopplysningar å lese om Leiv Erikson, vikingar
og indianarar. Dei mange flotte vikingskipa var også flotte å sjå. Ein
lærerik dag!
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |