LENGDE- OG VEGEDAG I DET FRI!
![]()
![]() |
Torsdag 8.mai var 1. og 2. årstrinn ute og dreiv med eksperiment. Vi har jobba med lengde og vekt på skulen denne veka, og denne dagen skulle vi prøve ut ulike oppgåver. I flott mai-vèr med strålande sol, gjekk vi opp på Halsane der oppgåvene venta. |
| Vi hadde 4 ulike stasjonar der elevane både fekk måle lengde og prøve å vege. Til høgre ser vi ei skålvekt. På denne stasjonen hadde vi ulike lodd, og elevane si oppgåve var å finne noko som var like tungt som loddet. Visste du at dei 37 småsteinane nedanfor blir 200 gram. Og 6 grankongler er 50 gram. Ei av gruppene greidde til og med å finne ein stein som var nøyaktig 200 gram. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Den andre stasjonen, hadde ei digitalvekt. Her hadde elevane fått utdelt eit skjema med mange ulike gjenstandar dei måtte vege. Først var det stor stas å gjette kor tung tingen var, etterpå fekk dei svaret når dei kontrollvog. |
![]() |
![]() |
![]() |
Til venstre ser vi ei av gruppene sitt
skjema. Artig å sjå korleis dei etterkvart begynte å taksere det dei
skulle vege og samanlikne det med gjenstandar dei hadde prøvd å vege
før.
Nedanfor ser vi den tredje aktiviteten. Her skulle det målast ulike lengder. Hjulet har teljar på, og ivrig målte dei opp nokre bestemte lengder. Etterpå kasta dei steinar og målte kor lange kasta var. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
På veg nedatt delte elevane på å gå først
med hjulet. Dermed fekk vi målt kor langt vi gjekk. Då vi kom nedatt
viste målaren 1783 meter!
Den siste aktiviteten var å hoppe lengde. Først hoppa elevane. Deretter måtte dei prøve å gjette lengda si, før dei fekk kontrollmåle. |
![]() |
![]() |
![]() |
Lengdehoppinga var spennande synest mange. Det manglar ikkje på teknikk med desse ivrige hopparane! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Sjølvsagt må det vere matpause også på ein
slik aktiv dag. "Utan mat og drikke duger helten ikkje" seier eit ordtak
oss, og det er vel noko i det. Fint å få ete ute i det fine veret. Ein
kjekk og lærerik dag. Vi er heldige på Flem skule, som har fjell og fjøre liggande eit steinkast frå oss. Den årlege ryddeaksjonen til Flem vel, gjer at det er reint og fint overalt . Då er det både kjekt og spennande å flytte klasserommet ut av og til! |
