Opia - pandopia vi flyg til Etiopia

![]() |
Dei siste vekene har småskulesteget på Flem skule vore på "reise"
til eit anna land! Ein dag dukka det "tilfeldigvis" opp ein pakke. Alle undra seg over dette. Og med stor interesse las vi dei merkelege teikna som stod utanpå pakken. |
![]() |
![]() |
![]() |
Vi opna pakken og såg på innhaldet. Her var mykje rart. Alt frå CD
med rytmemusikk til spennande figurar og trommer. Der var også mange
posar med ulike lukter i pakken. Spente elevar fekk sjå, lukte og kjenne
på dei ulike tinga. Det følgde også med eit puslespel som vi brukte overhead for å pusle til. Det var her svaret på gåta vart løyst. Pakken kom frå Etiopia i Afrika! Nedanfor er nokre av opplevingane! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Litt om Etiopia: Etiopia er prega av tørke og matmangel. Det bur ca 73 millionar der. Gjennomsnitteleg levealder er ca 40 år og gjennomsnittsalderen på befolkninga er ca 17 år. 1/10 av alle spedbarn døyr, og godt over halvparten av befolkninga er analfabetar. Det er stor skilnad på fattig og rike. Ei stor konflikt som har drepe mange menneske er krigen mot nabolandet Eritrea, som gjorde seg sjølvstendig frå Etiopia på 1990- talet. Etiopia er det einaste landet i Afrika som aldri har vore kolonisert. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Elevane tenkte igjennom kva dei visste om Afrika, og kva meir dei hadde lyst å finne ut. Deretter såg vi ein film om korleis det kan vere å bu i ein landsby i Afrika. Der klimautfordringane er store pga. lite nedbør, og det er fare for svolt pga svikt i avlingane. Elevane fekk deretter i oppdrag å lage kvar sitt Etiopisk hus som skulle plasserast i ein landsby. Dei gjekk ivrig igang med oppgåva, og jobba saman i små grupper. Det vart mange flotte hus. Elevane leita i bøker og såg på bilete for å finne ut korleis husa skulle lagast. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Deretter var det tid for å lære litt meir om korleis menneska i ein landsby i Etiopia kan ha det. Målet med arbeidet var at elevane skulle lage kvar sin etiopisk person. Vi studerte kva klede dei brukar, og typiske namn i Etiopia. Deretter arbeidde elevane og laga sine figurar, dei fekk seg namn og alder, og vi fekk vite litt om familien deira også. Etterpå viste elevane fram figurane sine, og plasserte dei inn i landsbyen sin. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Verkstadbøkene vart nytta for å skrive ned viktige opplysningar, og
å skrive om opplevingane sine frå dei ulike læringsøktene. Denne dagen
var det ikkje namn som Ola, Per og Kari som vart brukte, meir vanleg var
namn som Nai, Yeshiwork,Tafere, Herta, Bwatumitse. Familiane vart ofte store med mange søsken, noko som også er typisk i Etiopia. |
![]() |
![]() |
![]() |
Tredje arbeidsøkta handla om skulen i Etiopia. Vi fekk lære om
korleis skulen er der, og om forskjellane på skulen i eit rikt land som
Noreg, og skulen i eit fattig land som Etiopia. Deretter laga elevane
skular i ulike materiale. Nokon i papp, nokon i plastelina og nokon på
papir til landsbyen. Nedanfor er nokre av dei mange flotte resultata.
Her fekk vi også lære om den etiopiske kalenderen som har fleire dagar
enn vår. Faktisk har Etiopia akkurat starta på år 2000, fann vi ut.
|
![]() |
![]() |
| Den fjerde arbeidsøkta handla om barna som ikkje får gå på skule. Då fekk halvparten av elevane flytte sine personar frå husa til skulen i landsbyen. Dei andre måtte berre sjå på. I etiopia er det nemleg slik at langt frå alle får gå på skule. Vi undra oss saman på årsakene til kvifor det er slik. Elevane var ivrige og kom med mange gode grunnar. Dei må arbeide, bere vatn, passe småsøsken, dei er foreldrelause og det er dyrt; var nokre av grunnane. Deretter las vi om jenta Simignew som skulle giftast bort 9 år gamal, og defor ikkje fekk gå på skule. | ![]() |
![]() |
Heldigvis ordna det seg for den vesle jenta og ho fekk gå på skule.
Siste dagen lærte vi om hjelpeorganisasjonar som arbeider for å hjelpe folk i fattigdom. Landsbyane fekk besøk av helikopter med nødrasjonar, og vi fekk lære om vaksiner, oppbygging av skular for alle og sjukehus.
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Så var det tid for å bevege seg litt til den fengande musikken som kom med pakken. Vi øvde saman på ein Afrikansk dans, og tok fram nokre av rytmeinstrumenta. Elevane laga rytmeog dansa i ringar. Dette var utruleg gøy synest mange! Etterpå var det tid for å smake på spennande mat. Først prøvde vi å smake på ein naudrasjon. Det er pakkar med konsentrert næring som skal løysast opp i vatn. Dette smakte så som så for mette nordmenn, men alle torde å smake litt. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Etterpå smakte vi etiopisk festmat. Det er injerra, noko som ser ut
som pannekaker, og doro-wot som er ei slags kyllinggryte. Elevane sat på
golvet i gymsalen, og til afrikanske rytmer smakte og åt dei ivrig denne
retten, som dei aller fleste synest var veldig god! Kjekke veker er over! Til slutt hadde vi ein spørjekonkurranse. Der repeterte vi alt vi har lært om desse vekene. Kjekt å sjå ivrige barnehender i veret, med nyvunnen kunnskap! Neste veke ventar vi besøk frå ein som har budd 14 år i Etiopia - då får vi lære meir! |
