"Pannekaka" på verkstad

Den første temaverkstaden dette skuleåret tok utgangspunkt i eventyret om pannekaka. Elevane fekk høyre eventyret, og sjå nokre illustrasjonar. Mange kjende nok litt til den sprelske pannekaka, som hoppa ut av panna og rulla sin veg. På vegen traff ho mange som hadde lyst å ete ho opp, men ingen fekk lov. Til slutt traff ho den lure grisen som greidde å ete ho opp, då han bydde henne skyss over bekken.
Elevane jobba i fem ulike grupper med eventyret etterpå. Her ser vi målegruppa i full sving. Dei laga eit måleri av grisen som sym med pannekaka på ryggen. Dei har all grunn til å vere stolte av eit flott resultat! Utruleg kva ein kan skape med godt samarbeid og god arbeidsfordeling!

Nedanfor ser vi det ferdige resultatet.

Ovanfor og til venstre ser vi stoffgruppa sitt arbeid. Dei fekk også med mykje frå eventyret.

Sandgruppa var også flinke. Særleg imponerande var det å sjå den rullande pannekaka av sand som dei fekk til å rulle ut av huset og ned ein bakke dei laga.

Pappgruppa laga både huset som pannekaka vart steikt i og grisen som hadde pannekaka på trynet sitt!

 

Klossegruppa bygde huset som pannekaka trilla ut av. Det var mykje arbeid, og det måtte fleire konstruksjonar til for å få huset stort og solid nok. På tredje forsøket fann gruppa saman ut ein lur måte å løyse problemet på. I tillegg bygde dei dei sju skrikarungane, mannen og kona og nokre av dyra. Utruleg kor mykje ein kan lage av treklossar! Berre fantasien set grenser.
Dramagruppa viste heile eventyret. Eit stort høgdepunkt var det nok då grisen tok pannekaka på ryggen og åt ho opp. Elevane var flinke til å hugse replikkane sine, og dei var flinke til å kviskre til kvarandre  når det var behov for det. Det mangla ikkje på applaus då dei var ferdige.
Etter at alle gruppene hadde vist det dei hadde laga for kvarandre, og fått respons på arbeida sine, gjekk vi i gang med å skrive og teikne frå verkstaden. Ikkje problem å kome på noko å teikne eller skrive om, etter ei slik inspirasjonsøkt!

Ein kjekk dag med dyktige og flittige elevar. Positiv læringsøkt for både store og små!