PETTER PULS -AKTIVITETSDAG  

Som ein del av aktivitetsvekene hadde vi aktivitetsdag på Halsane med småskulesteget. Først på dagen hadde vi lært om kor viktig det er å ta vare på kroppen sin og å vere i fysisk aktivitet. På Halsane var det klart for rebusløp med oppgåver frå stoff vi har jobba med desse vekene. Det vart også tid til andre leikar der elevane fekk bruke både hovudet og kroppen sin.

Alle kosa seg i det fine veret, og det var kjekt å få vere ute! Etterpå skreiv og teikna vi i utebøkene.