Gøy
med ROBOLAB!

![]() |
Onsdag 27/8 starta mellomsteget arbeidet med Robolab. Vi
skal delta på First Royal Lego Leage på Høgskulen i Ålesund
seinare i haust, og no starta jobben med å gjere seg kjend med utstyret. Skulen vår har fått 5 kasser med Robo-lab-utstyr frå næringslivet, og Rolls Royce har gitt oss eigen ressursperson, som er saman med oss og støttar oss i læringsarbeidet! Kjempeflott! |
![]() |
| Vi opna kassene og snusa på innhaldet. Som ein ser er det mange bitar å halde styr på! Vi sorterte pakkane i små bur i kassene, og leita fram instruksjonshefta. I desse ser elevane steg for steg korleis roboten kan byggast. Elevane er delte i 5 grupper med 4 på kvar gruppe frå 5. - 7. årstrinn. | ![]() |
![]() |
![]() |
Vi er så glade for å ha vår eigen hjelpar. Øystein frå Rolls-Royce gjekk rundt og gav gruppene ei hjelpande hand, og viste dei løysingar og moglegheiter. Etter robotane var bygde var det tid for å programere dei. Til venstre er ei av gruppene klare til å prøve ut roboten sin. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Robotane kan programerast ganske avansert. Til høgre ser vi ein robot som skal leite opp linja mellom svart og kvitt. Lys-sensoren fremst på roboten leitar etter denne.... | ![]() |
![]() |
![]() |
Det var kjekt å observere elevane. Dei kom ivrige til
timane og var positive heile tida. Samarbeid gir resultat fekk nok dei
fleste oppleve.
Vi fekk også sjå ulike Lego- robotar på data som utførte operasjonar. Ein greidde til og med å løyse Rubicks-kuben. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Neste timane skal vi bruke datamaskinene til å
programmere robotane. Det er ufatteleg mange moglegheiter, og vi gler
oss til å sjå kva elevane får til! I september får vi oppgåvene som skal presenterast under konkurransen i Ålesund. Då skal vi jobbe i 7 veker med å løyse desse på best mogleg vis! Polaråret er tema for konkurransen i år! |
![]() |
![]() |
![]() |
Etter timane var slutt rydda elevane boksane sine og sette dei ferdige robotane på toppen. Dei fleste gav sin robot namn. Ein av elevane ville gjerne ha med ein slik heim og programmere han til å rydde rommet sitt! Det greier nok desse smarte robotane! |